HAUSTENSKURS I DRENGESTOVA

I haust blir det igjen kreative kurs i Drengestova!

Det blir eigne kurs for born, ungdom og vaksne, med ulike tema og teknikkar som kan varriere frå gong til gong.


Bornekurs (8–10 år)
Me målar, teiknar og skaper saman. Her er det skapargleda som står i fokus. Det er lov å prøve, utforske og ha det kjekt

Ungdom (11–18 år)
Me prøver ulike teknikkar og tema innan teikning og måling. Passar både for nybyrjarar og dei som har lyst til å lære meir.

Vaksne (18+)
Kurs med ulike tema gjennom hausten. Her blir det målarglede og nokre koselege timar rundt bordstaffeliet.

Eg håpar me sjåast i Drengestova i haust! ❤️

Alt utstyr er på plass så her er det berre til å ta med seg godt humør og ei maleskjorta

NB: begrensa plassar, og minimum 6 stk påmeldte for gjennomføring av kurs.


Laurdag 5. september  

UNGDOM Kl:11.00-14.00  (11-18år).   VAKSNE Kl:16.00-20.00 (18+)  

TEMA: Portrett Medium: Akryl.     Uttrykksfullt portrett i akryl

På dette kurset skal me måle eit portrett i akryl med fokus på enkle former, grove penselstrøk og eit avgrensa fargeutval.

Saman skal me utforske korleis lys og skugge, hudtonar og nyansar byggjer opp eit ansikt. Du får sjå korleis få fargar og frie penselstrøk kan skape liv, djupn og personleg uttrykk i eit portrett.

Eg har på førehand teikna opp enkle hjelpelinjer på lerretet, slik at me kan bruke tida på sjølve målinga. Kurset passar både for nybyrjarar og deg som har måla litt før.

Målet er ikkje eit perfekt portrett – men eit levande portrett med karakter og personleg uttrykk. 🎨🖌️.

Pris: 650,-kr pr person. 

Påmelding: 47888648 mail. post@valenranch.no.  


Søndag 6. september 

kl12.00- 14.00 - Born (8-10år)

Kvar kursdag har sitt eige tema. Me målar, teiknar og utforskar ulike kreative aktivitetar, tilpassa årstid, alder og gruppa. Nokre gonger lagar me bilete på lerret, andre gonger prøver me nye teknikkar eller kreative oppgåver. Målet er alltid det same – å skape målarglede, nysgjerrigheit og meistring.

Pris 400,-kr pr person

Påmelding: 47888648 mail. post@valenranch.no



3. Oktober 

UNGDOM Kl:11.00-14.00 (11-18år). VAKSNE Kl:16.00-20.00 (18+)

Portrett i blyant og kull

På dette kurset skal me arbeide med portrett i blyant og kull. Med enkle teknikkar skal me utforske korleis lys, skugge, kontrastar og valørar byggjer opp eit ansikt.

Gjennom strekar, nyansar og mjuke overgangar lærer du korleis du kan skape djupn, form og liv i eit portrett. Me jobbar steg for steg, og du får god rettleiing undervegs.

Kurset passar både for nybyrjarar og deg som har litt erfaring frå før. Målet er ikkje eit perfekt portrett, men å lære teknikkar som gir deg eit levande og uttrykksfullt resultat.

Pris: 650,-kr pr person.

Påmelding: 47888648 mail. post@valenranch.no.  



4. Oktober - Born (8-10år)

Akvarell for born – Haust og vinter 

På dette kurset skal me leike oss med akvarell og hente inspirasjon frå hausten og vinteren. Me utforskar korleis vatn og fargar flyt saman og skaper spennande mønster og stemningar.

Saman skal me måle enkle motiv med fargar frå naturen – kanskje fargerike haustblad, skog, snø, dyr eller vinterlandskap.

Kurset passar for alle, uansett om du har måla før eller ikkje. Det viktigaste er å ha det kjekt, prøve nye ting og la fantasien få sleppe laus.

Pris 400,-kr pr person

Påmelding: 47888648   Mail: post@valenranch.no



14. November 

UNGDOM Kl:11.00-14.00 (11-18år). VAKSNE Kl:16.00-20.00 (18+)

Stemningsfulle akvarellar

På dette kurset let me oss inspirere av hausten og vinteren sine vakre fargar og stemningar. Me jobbar med akvarell og utforskar korleis vatn, lys og fargar kan skape mjuke overgangar og levande uttrykk.

Du får lære enkle teknikkar for å byggje opp eit bilete med lag, kontrastar og stemning, samtidig som det blir rom for å finne ditt eige uttrykk.

Kurset passar både for nybyrjarar og deg som har lyst til å utvikle akvarellteknikken vidare. Det viktigaste er ikkje å skape eit perfekt bilete, men å nyte prosessen og oppleve målarglede saman med andre. 🎨🍂

Pris 650,-kr

Påmelding: 47888648   Mail: post@valenranch.no

15.November - Born (8-10år)

Akvarell for born – vinter og julekort

På dette kurset lagar me våre eigne julekort! Me leikar oss med ulike medium og teknikkar og skaper personlege kort fulle av fargar, kreativitet og julestemning. Her er det rom for både fantasi og skaparglede

Pris: 400,-kr

Påmelding: 47888648. Mail: post@valenranch.no