Meg
Fødd og oppvaksen på øya Stord i Hordaland.
Har alltid mala og teikna frå eg var lita jente, og valde sjølvsagt vidaregåande skular innan teikning, form, farge og visuell kommunikasjon.
Som meir vaksen tok eg lærarutdanning innan praktisk-estetiske fag med bachelor i kunst og handverk (HSH Stord 2007–2010).
Eg har illustrasjonsutdanning frå Berghs School of Communication (2019).
3. året Nydalen Kunstskule (2023–24).
Eg driv eit eige lite firma, "KreaTun", saman med min betre halvdel. Me arbeider med events, teater, reklame, festival m.m.
Eg jobbar òg som lærar i kulturskulen i faga visuell kunst og drama/teater, samstundes arbeider eg som frilansillustratør.
Er heldig som har ein stor kreativ vennegjeng rundt meg der det vert arbeidd med mange spanande ting gjennom både musikk, dans og kunst, noko som absolutt utvidar mine horisontar.
Eg liker å jobbe med ei variert breidde av visuelle uttrykk og teknikkar i mine illustrasjonar, både analogt og digitalt.
Eg er alltid på jakt etter nye, spanande oppdrag og elskar ei utfordring, så ta gjerne kontakt om det er ønskje om råd, behov for hjelp eller pris på eige prosjekt. Eller kanskje det er ønskje om å samarbeide om større prosjekt som frilansar?
Samarbeid med Galleri:
Galleri Giga Stord: https://gallerigiga.no/</p>
Galleri Vågal Trysil: https://www.galleri-vaagal.no/</p>
Dahls Rammeservice Haugesund: https://dahl-rammeservice.no/</p>
Utstillingar:
Fasar og følelsar- 8.marsutstilling soloutstilling GalleriGiga 2025
BergerArts - Soloutstilling 2022
True Faces - Soloutstilling 2016
Blottlagde kjensle -Soloutstilling 2014
