Kunstretreat
26-27-28 juni 2026

Skaparglede · natur · ro
Velkommen til ei langhelg der kreativiteten får gløde
På ValenRanch, omgitt av vakkert landskap, fjord og fjell, inviterer vi til eit intimt kunstretreat med fokus på skaparglede, utforsking og fri utfalding.
Dette retreatet passar både for nybegynnarar og for deg som har litt erfaring.
Du får ei enkel innføring i teori og teknikk, før vi jobbar vidare med mix media, portrett og abstrakt uttrykk – med god plass til leik, personleg preg og eigen prosess.
Her handlar det ikkje om å prestere, men om å skape.

Dette får du oppleve:
– Guidede kunstøkter med fokus på abstrakt og mix media
– Stor fridom, leik og skaparglede
– Enkle teoriimpulsar kombinert med praktiske teknikkar
– Vakkert landskap og fine omgjevnader
– Felles saunatid i lokal badstu ved fjorden
– Sosial kveld med bål, varme og gode samtalar
– Ro, natur og tid til å vere til stades
Morgonane startar mjukt – utan stress og krav.
Kveldane samlast vi til hygge, anten rundt bål, ved sjøen eller oppe på ranchen – alt etter vêret.
Dette er ei helg for deg som vil:
– utforske kreativiteten din
– lande litt i kroppen
– skape i trygge og inspirerande rammer i eit kreativt sosialt miljø
Stad: ValenRanch Eikeland 151
5451 Valen i Kvinnherda kommune
Små grupper · personleg oppfølging
Slutten av juni
Avgrensa plassar
Opplegget for helga
Ei langhelg med ro, skaparglede og nærvær på ValenRanch.
Helga er bygd opp med ei god veksling mellom guidede kunstøkter, pausar i naturen og felles opplevingar. Morgonane startar mjukt – utan stress og utan krav – med tid til kaffi, stillheit og eiga landing før vi samlast til dagens første økt.
Gjennom helga arbeider vi med mix media, portrett og abstrakt uttrykk. Du får enkle teoriimpulsar og praktiske teknikkar, før du får god tid til å utforske og utvikle ditt eige uttrykk. Det er rom for både nybegynnarar og deg som har erfaring – her handlar det ikkje om prestasjon, men om prosess.
Laurdag ettermiddag samlast vi til felles saunatid ved fjorden for varme, pust og forfriskande bad for den som ønskjer det. Om kvelden deler vi eit felles måltid og samlast til sosial stund – gjerne rundt bål eller i drengestova, alt etter vêret.
Sundag rundar vi av med ei siste kunstøkt og ei roleg avslutning før heimreise.
Dette er ei helg for å lande litt, skape mykje – og vere saman i trygge og inspirerande rammer.

Overnatting
Stort glampingtelt (2 personar per telt)
To romslege glampingtelt ligg vakkert plassert på oppsida av ranchen, med fin utsikt over landskapet.
Telta er innreia med komfortabel dobbeltseng og vedomn som gir lun varme på kjølege kveldar. Her søv du mjukt, vaknar til fuglesong og får naturen heilt tett på – utan å gi slepp på komforten.
Desse telta bookast av to som melder seg på saman.
🌿 Utsikt · vedomn · nær naturen
Pris retreat: 7000,- kr
Lite glampingtelt (1 person)
Eit sjarmerande glampingtelt for deg som ønskjer å bu åleine.
Teltet har ei god seng (1,20 m) og same vakre plassering på oppsida av ranchen med utsikt og ro. Perfekt for deg som vil ha ditt eige rom i naturen – eit lite fristed gjennom helga.
🌿 Eige rom · utsikt · stillheit
Lita hytte (1 person)
Den vesle hytta ligg rett ved hovudhuset og drengestova.
Her bur du tett på fellesskapet, men med ditt eige rom. Hytta har ei seng på 1,20 m og ein lun, enkel atmosfære. Ei god løysing for deg som ønskjer litt meir fast tak over hovudet – og kort veg til morgonkaffien.
🌿 Sentralt · enkelt · heimleg
Pris retreat: 6000,-kr
.
Rom på drengestueloftet (2 personar per rom)
På loftet i drengestova finn du to doble rom med to enkeltsenger i kvart rom.
Her er stemninga lun og nostalgisk – litt som å vere tilbake på sommarferie eller leir i barndommen. Tregolv, skråtak og nærleik til dei andre gir ei varm og uformell ramme rundt helga.
Desse romma passar fint for to som melder seg på saman – eller for deg som er open for å dele rom.
🌿 Nostalgi · fellesskap · sommarstemning
Pris retreat: 5000,-kr
Send forespørsel til
BergerArts
Hornelandsvågen 26 Stord, 5412
47888648
post@valenranch.no
Retreat adresse: Valen Ranch
Eikeland 151 5451 VALEN
Kvinnherad kommune